tirsdag 12. mai 2015

Nynorsk, det er toppen! :D

Heihei godt folk, no er eg her igjen, nok ein gong for å underhalde dykk med mine litterære val ~

I dag vil eg gjerne snakke om at nynorske bøker er tingen! :D Så rart det enn høyrast ut, så er det faktisk veldig morosamt å lese på nynorsk. Eg tullar ikkje. Om du synast at det er ganske tørt, kjedeleg og strevsomt å lese nynorsk (som dei fleste ungdommar synast), vil eg anbefale lese bøker som er fulle av humor. Da blir det strakst mykje lettere å lese, og du vil også synast at det er kjekt med nynorsk.
Ein nynorsk forfattar som er ekspert på å bruke både humor og sarkasme i sine skriverier er Are Kalvø. Han er mest kjent for å vere kåssør, men har også skreve ei rekke med heilt hysterisk morosame bøker. Are kalvø sine bøker får meg til å humre, og nesten dette ut av stolen av latter til tider, det er heilt sjukt. For deg som kanskje ikkje har lest nynorsk i store mengder så vil eg sterkt anbefale Are Kalvø sin bok "Våre venner kinesarane" som er ei relativ kort bok. Den handlar om Are som reiser rundt i Noreg sitt land og rike, for å spise på minst ein kinaresturang i kver kommune i heile Noreg. Det er hysterisk korleis han beskriv ulike situasjonar og aspektar med forskjellige ting.
Det er vanskeleg å forkalre innhalde, du må nesten berre lese boka sjølv ;)

                                                   Omslaget til "Våre venner kinesarane"

Det er også ein kjempefordel med å lese nynorsk, fordi da får du både lesetrening og du blir betre å skrive nynorsk. Slik er det med alle språklege fag. Les du språket blir du da også mykje betre i det! For mitt vedkommande så har forfattaren Are Klavø vært drivkrafta mi i forhold til lysten å lære nynorsk. Han er nynorsk for meg. Eg har bestandig synast at nynorsk var vanskeleg og kjedelig. Men no har eg Are Kalvø sin faste og gode nynorsk røst i bakhode, kver gong eg skal skrive. (Han er her også no, hehe)

Så håper dette "inspirasjons innlegg" ble matnyttig for dykk ungdommar som synsast nynorsk er pyton, og kanskje tenkjer no at du faktisk kunne ha tenkt deg å lese litt nynorsk! Ikkje la det bli med tanken, spring til ditt nærmaste bibliotek og lån "Våre venner kinesarane", du vil ikkje angre. <w< Eg låvar deg~

 ~Esterko (ノಠ益ಠ)ノ YOU CAN DO IT!

Kjelder: http://www.samlaget.no/nn-no/fakta%20og%20dokumentar/humor-og-underhaldning/humor/vaare-venner-kinesarane/~/media/Samlaget/Litteratur/Gamle%20boker/Fakta%20og%20dokumentar/Humor/Vaare-venner-kinesarane.ashx

1 kommentar:

  1. Einig, Kalvø er morosam! Dei kortare tekstane han skriv er og verdt å lese. Sjekk www.framtida.no der skriv han sporadisk. :)

    SvarSlett