søndag 7. juni 2015

Kva eg synast om boka: "Nød"

Hei, her er eg igjen~ :P

I dag så skal eg snakke om kva eg synast om den boka eg las i denne terminen. :) Eg las boka "Nød" av Are Kalvø. For å vere heilt ærleg så ble eg ganske skuffet over ho. Are Kalvø skriv bestandig så morosamt, men denne boka falt ikkje i smak hos meg. Det var veldig synd sidan eg gledet meg så til å lese... Men kvifor likte eg ho ikkje?

Jau, boka var interessant i starten men det gikk tregere etter kvart. Tilslutt måtte eg rett og slett berre stoppe fordi ho ble så kjedelig... Så eg fullførte ikkje lesinga ._.' Det ble for mykje dveling på hovudpersonen sin dårlege samvit, og tidligere kjæraste... Eg vil ikkje anbefale å lese ho, om du ikkje liker bøker som er treige å lese. Hehe~ Men eg seier ikkje at den ikkje var morosam i enkelte parti, for eg flira godt når dei fortel om de teite tingane dei gjorde :P

Det er jaggu berre 2 veker til sommerferien! Så det vil nok ikkje komme noke meir fra meg på ei stund (sikkert ikkje før til høsten), så vi snakkast seinare! :D


 

tirsdag 12. mai 2015

Nynorsk, det er toppen! :D

Heihei godt folk, no er eg her igjen, nok ein gong for å underhalde dykk med mine litterære val ~

I dag vil eg gjerne snakke om at nynorske bøker er tingen! :D Så rart det enn høyrast ut, så er det faktisk veldig morosamt å lese på nynorsk. Eg tullar ikkje. Om du synast at det er ganske tørt, kjedeleg og strevsomt å lese nynorsk (som dei fleste ungdommar synast), vil eg anbefale lese bøker som er fulle av humor. Da blir det strakst mykje lettere å lese, og du vil også synast at det er kjekt med nynorsk.
Ein nynorsk forfattar som er ekspert på å bruke både humor og sarkasme i sine skriverier er Are Kalvø. Han er mest kjent for å vere kåssør, men har også skreve ei rekke med heilt hysterisk morosame bøker. Are kalvø sine bøker får meg til å humre, og nesten dette ut av stolen av latter til tider, det er heilt sjukt. For deg som kanskje ikkje har lest nynorsk i store mengder så vil eg sterkt anbefale Are Kalvø sin bok "Våre venner kinesarane" som er ei relativ kort bok. Den handlar om Are som reiser rundt i Noreg sitt land og rike, for å spise på minst ein kinaresturang i kver kommune i heile Noreg. Det er hysterisk korleis han beskriv ulike situasjonar og aspektar med forskjellige ting.
Det er vanskeleg å forkalre innhalde, du må nesten berre lese boka sjølv ;)

                                                   Omslaget til "Våre venner kinesarane"

Det er også ein kjempefordel med å lese nynorsk, fordi da får du både lesetrening og du blir betre å skrive nynorsk. Slik er det med alle språklege fag. Les du språket blir du da også mykje betre i det! For mitt vedkommande så har forfattaren Are Klavø vært drivkrafta mi i forhold til lysten å lære nynorsk. Han er nynorsk for meg. Eg har bestandig synast at nynorsk var vanskeleg og kjedelig. Men no har eg Are Kalvø sin faste og gode nynorsk røst i bakhode, kver gong eg skal skrive. (Han er her også no, hehe)

Så håper dette "inspirasjons innlegg" ble matnyttig for dykk ungdommar som synsast nynorsk er pyton, og kanskje tenkjer no at du faktisk kunne ha tenkt deg å lese litt nynorsk! Ikkje la det bli med tanken, spring til ditt nærmaste bibliotek og lån "Våre venner kinesarane", du vil ikkje angre. <w< Eg låvar deg~

 ~Esterko (ノಠ益ಠ)ノ YOU CAN DO IT!

Kjelder: http://www.samlaget.no/nn-no/fakta%20og%20dokumentar/humor-og-underhaldning/humor/vaare-venner-kinesarane/~/media/Samlaget/Litteratur/Gamle%20boker/Fakta%20og%20dokumentar/Humor/Vaare-venner-kinesarane.ashx

tirsdag 17. mars 2015

Halvveis i boka mi~

Heisann godt folk~

No har eg lese ca. halvveis i boka mi (Nød av Are Kalvø), og eg synast at den er ganske morosam å lese. (=゜ω゜) Fikk ein fin anledning til å lese på toget når eg skulle til bror min i vinterferien. (Han bur og studerar i Trondheim for tiden om det var interessant~)
No skal eg skrive litt om hovudpersonen og venen hans, og kva dei har gjort til no i historia.

"Då eg var femten, stal eg pengar frå svoltne ungar i Etiopia."

Hovudpersonen, som faktisk ikkje blir omtalt med noko namn, er ein kar som har konstant dårleg samvit for ein hending som skjedde i sine ungdomsår. Han og barndomsvenen Tom, såg ein Live aid konsert på 80-tallet. Då blei våre to vener så inspirert at dei laga ein støttekonsert for svoltne barn i Afrika, i det lokale samfunnshuset. Dei tjente nokre tusen kroner, og var stor fornøgde.
Men så viste dei ikkje korleis dei kunne støtte dei svoltne barna i Afrika, så dei dro først på ein utflukt til "byen" og kjøpe masse Live Aid cd'ar. Dessverre gikk mesteparten av pengane til såkalla "bedriftsutgifter". Dette har plaga hovudpersonen i heile sitt vaksne liv. Han tankjer smått om hendinga og funderer kva han skal gjere for å betale tilbake. Ein dag vinner han plutseleg 1.3 millioner i lotto, og han får ein lysande ide når han pratar med Tom. Dei bestemer seg for å dra til Etiopia, og dei kjøpar sko til ein heil landsby.

Hovudpersonen slik som eg ser han for meg, han er ein ganske vimsete og lettpåverkeleg dott med eit konstant dårleg samvit. Ideane kjem stort sett frå Tom og han slenger seg med som ein annen hale. Men hovudperseonen har også gode kvalitetar, og i løpet av Etiopia turen så har han gådd igjenom ein forvanling. Etter at han har opplevd forskjellige handinger der, byrjer han og tenkje over korleis han kan gjere verda eit betre plass å vere.

Tilslutt vil eg legge ved eit bilete som eg synast illustrerer hovudpersonen heilt perfekt.( ^▽^)

                                                              Slik sit han og tenjker~ haha

Skal lese meir i boka i helga som kommer, eg blir nok ganske snart ferdig :3 Fleire innlegg er i sikte så du får venta i spennding~

~Esterko (~ ̄▽ ̄)~



Kjelder:
https://lccrepublic.files.wordpress.com/2014/12/tumblr_lrhpc2mwod1qeb5vb.gif
Sitat tatt frå baksiden av boka "Nød" av Are Kalvø

fredag 13. februar 2015

Ny roman! På nynorsk~

Hei sann! No skal vi starte igjen med å lese i bøker, men denne gongen skal boka vere på nynorsk. Sidan eg ikkje har lese så mykje nynorsk litteratur, tenkje eg å velje ei bok som var lettlest og morosam. Då er det lettere å lese, synast eg. :) Derfor valgde eg "Nød" av Are Kalvø. Are Kalvø er ein kjend nynorsk kåssør som brukar mye humor når han skriv, så tenkte boka ville vere bra. Her er da forsiden til boka:
  
Blir spennende dette her! (=゜ω゜)

~Esterko  ∩(︶▽︶)∩