tirsdag 17. mars 2015

Halvveis i boka mi~

Heisann godt folk~

No har eg lese ca. halvveis i boka mi (Nød av Are Kalvø), og eg synast at den er ganske morosam å lese. (=゜ω゜) Fikk ein fin anledning til å lese på toget når eg skulle til bror min i vinterferien. (Han bur og studerar i Trondheim for tiden om det var interessant~)
No skal eg skrive litt om hovudpersonen og venen hans, og kva dei har gjort til no i historia.

"Då eg var femten, stal eg pengar frå svoltne ungar i Etiopia."

Hovudpersonen, som faktisk ikkje blir omtalt med noko namn, er ein kar som har konstant dårleg samvit for ein hending som skjedde i sine ungdomsår. Han og barndomsvenen Tom, såg ein Live aid konsert på 80-tallet. Då blei våre to vener så inspirert at dei laga ein støttekonsert for svoltne barn i Afrika, i det lokale samfunnshuset. Dei tjente nokre tusen kroner, og var stor fornøgde.
Men så viste dei ikkje korleis dei kunne støtte dei svoltne barna i Afrika, så dei dro først på ein utflukt til "byen" og kjøpe masse Live Aid cd'ar. Dessverre gikk mesteparten av pengane til såkalla "bedriftsutgifter". Dette har plaga hovudpersonen i heile sitt vaksne liv. Han tankjer smått om hendinga og funderer kva han skal gjere for å betale tilbake. Ein dag vinner han plutseleg 1.3 millioner i lotto, og han får ein lysande ide når han pratar med Tom. Dei bestemer seg for å dra til Etiopia, og dei kjøpar sko til ein heil landsby.

Hovudpersonen slik som eg ser han for meg, han er ein ganske vimsete og lettpåverkeleg dott med eit konstant dårleg samvit. Ideane kjem stort sett frå Tom og han slenger seg med som ein annen hale. Men hovudperseonen har også gode kvalitetar, og i løpet av Etiopia turen så har han gådd igjenom ein forvanling. Etter at han har opplevd forskjellige handinger der, byrjer han og tenkje over korleis han kan gjere verda eit betre plass å vere.

Tilslutt vil eg legge ved eit bilete som eg synast illustrerer hovudpersonen heilt perfekt.( ^▽^)

                                                              Slik sit han og tenjker~ haha

Skal lese meir i boka i helga som kommer, eg blir nok ganske snart ferdig :3 Fleire innlegg er i sikte så du får venta i spennding~

~Esterko (~ ̄▽ ̄)~



Kjelder:
https://lccrepublic.files.wordpress.com/2014/12/tumblr_lrhpc2mwod1qeb5vb.gif
Sitat tatt frå baksiden av boka "Nød" av Are Kalvø